Den ubrukte arbeidskrafta

100 000 nordmenn med funksjonshemmingar lengtar etter å jobbe. Er det kroppen eller samfunnet som hindrar dei?

Av Mette Bruaas

Johannes møter opp spent til intervju. Han har blitt kalla inn til ei stilling som guide på bygget. På e-post fekk han skryt for god CV og søknad, og det lovar godt. Men då intervjuaren kjem ut i gangen og ser rullestolen hans, seier ho: “Kva gjer du her?”

Likestillingskampen til Noreg sin største minoritet ligg langt bak skjema. Forskjellsbehandling og diskriminering gjer at vegen frå barndom til arbeidsliv blir endå vanskelegare enn den allereie er for Johannes og andre med funksjonshemmingar. Det er synd for dei, men óg synd for arbeidslivet. 

– Som alle andre er eg berre ein fyr som ønskjer å jobbe for landet mitt og samfunnet eg er ein del av, seier Johannes.

Når skal eg sei det?

Johannes Loftsgård (26) er leiar av lokallaget til Norges Handikapforbunds Ungdom Oslo, og er for tida aktiv arbeidssøkjar. Draumen er å bli journalist. Men gjennom to år med jobbsøk, intervju og avslag dukkar framleis dilemmaet opp. Når i prosessen skal han fortelje at han har Cerebral Parese og sit i rullestol?

– I starten prøvde eg å selje meg inn først – for så å vere ærleg om alt det andre. Eg tenkte då at dei først og fremst kunne få ei oppfatning av meg som menneske og ein potensiell ansatt. Men det vart som oftast eit nei, fortel Johannes.

Johannes har prøvd fleire metodar.  Det viktigaste for han er alltid å få fram seg sjølv og vise seg som ein ressurs for ei bedrift. Han er heilt ærleg og forklarar at han har ein brukarstyrt personleg assistent (BPA) som blir lønna av kommunen.

Då har det hendt det har kome kommentarar frå sida, som: «Men om assistenten skal hjelpe deg, då er det vel ikkje du som utfører oppgåvene?».

– Det er jo meg dei ansetter. Og sjølv om eg har ein assistent som hjelper meg med fysiske utfordringer på arbeidsplassen, så er det jo eg som gjer arbeidet, fortset Johannes.

Så, kor mykje skal ein eigentleg dele? Kor ærleg skal ein vere om utfordringane sine når ein blir konstant møtt med ignoranse, avslag og kommentarar?

– Skriv eg i søknaden at eg har ei funksjonshemming, får eg som oftast raskt svar om at dei har funne nokon andre. Nemner eg ikkje funksjonshemminga før eg kjem på døra, får eg som oftast skryt over mail på bakgrunn av CV. Men så fort eg kjem inn døra, blir jo folk sjokkerte. Og ein merker fort at det blir eit nei, seier Johannes.

Johannes Loftsgård (26). Foto: privat

«Men om assistenten skal hjelpe deg, då er det vel ikkje du som utfører oppgåvene?»

Ressurs framfor veldedigheit

Tal frå SSB viser at over 100 000 personar med ei funksjonshemming som er utan inntektsgjevande arbeid, ønskjer seg det. Tala har så vidt rikka seg på 20 år.

20 år gamle Marianne Knudsen er nestleiar i Norges Handikapforbunds Ungdom, driv podcasten «Hemma» og studerer for tida sosiologi i Trondheim. Kvar dag arbeider ho med menneskerettar og brenn for å skape bevisstheit om dagleg og systematisk diskriminering av personar med ei funksjonshemming – spesielt i arbeidslivet.

– Rettigheitskampen vår heng langt bak sammenligna med andre minoriteter. Vi er Noregs, og verda, sin største minoritet. Og det er jo heilt vilt at det nesten ikkje har skjedd framgang på 20 år.

Eitt av dei store problema når det gjeld rekruttering av personar med ei funksjonshemming, er sjølve synet på rettigheitskampen – og at den ikke blir anerkjent nok.

– Tanken om veldedigheit heng igjen i Noreg, og vi blir sett på meir som passive brukarar enn sterke borgarar med menneskerettar. Dette gjenspeiler også kvifor vi ikkje har kome lenger. Vi nyttar oss ikkje av alle ressursane. Ein av fem har ei funksjonshemming i Norge. Dette er så utruleg mange menneske!

Enklare med ein rettleiar 

For to år sidan starta Johannes jobbsøkinga aktivt. Frå dag ein har han opplevd at han må selje seg sjølv inn på ein heilt anna skala enn kanskje andre må.

– Eg må på den eine sida forklare korleis tilrettelegginga fungerer, men framleis selje meg sjølv inn som ein veldig god ressurs, kome med løysingar og tiltak etter tiltak som viser at dei ikkje taper noko ved å ansette meg. Men som oftast trekkjer arbeidsgjevar seg, seier Johannes.

Dei siste seks månadane har Johannes delteke på arbeidsretta tiltak gjennom NAV. Dette betyr at han har ein rettleiar som hjelp både han og potensiell arbeidsgjevar i rekrutteringsprosessen. Han merker ei stor endring i respons på søknader.

– Eg føler dei har litt meir tillit når ho tek dialogen med dei. Kanskje dei ikkje stoler like mykje på meg som på ein person frå NAV?

«Kva gjer du her?»

Johannes fortel om fleire hendingar der argumenta frå arbeidsgjevar er tynne. Men éi oppleving satte ein verkeleg støkk. På denne tida studerte han medievitskap i Oslo. Ein spent Johannes søkte på ein deltidsjobb som guide i bedrifta sitt bygg – ein jobb som også var relevant for utdanninga hans.

Arbeidsoppgåvene i jobben var å fortelle historier og vise turistar og elevar rundt på bygget. I utlysinga skriv bedrifta at dei fokuserer på mangfald og oppfordrar personer av ulike kjønn, alder, kulturell bakgrunn og funksjonsevner til å søkje.

– Eg fekk innmari mykje skryt i mailen og vart kalla inn til gruppeintervju. På intervjudagen vart eg møtt av ei dame som såg litt rart på meg.

«Kva gjer du her?» – spurde ho Johannes om.

– Eg måtte jo berre sei at, jo, eg vart kalla inn til intervju.

Johannes meiner dette var ein frekk måte å møte nokon på. Men det stoppa ikkje der. Under gruppeintervjuet skulle alle presentere seg sjølv. Det vart Johannes sin tur, og han starta å prate. Men midt i presentasjonen vart han avbroten.

– Eg vart avbroten midt i og fortalt at det var interessant, men at dei hadde høyrt nok frå meg. Dette skjedde ikkje med nokon av dei andre søkjarane. Igjen synest eg dette var ubehagelig og rett og slett frekt.

Nokre dagar seinare venta Johannes på mailen dei vart lova. Den som skulle informere om dei vart kalla inn til andregangsintervju – eller ikkje.

– Eg fekk ingen mail. Det gjekk to eller tre dagar, og alle dei andre eg kjente hadde fått beskjed.

Seint ein torsdag kveld fekk han derimot ein telefon frå skjult nummer. Det var den same dama som haldt gruppeintervjuet.

Ho fortalde at ho heller ville ringe Johannes for å fortelle kvifor han ikkje hadde fått jobben.

– Eg vart fortalt at det ikkje ville vore forsvarleg om eg skulle hatt ansvar for så mange menneske. Eg hadde tydelegvis “nok med meg sjølv”. Om nokon måtte evakuerast, ville dei ikkje vere ansvarlege for at det skjedde noko med meg. Men dei presiserte at eg gjorde eit veldig godt inntrykk på intervjuet, og at CV-en min var kjempebra, fortel Johannes.

Han minte då denne personen på at han vart avbroten i intervjuet og ikkje fekk prata ferdig. Men han fekk det same svaret som i intervjuet. Dei hadde høyrt nok.

– Så eg spurde ho rett ut: «Hadde eg fått jobben om eg ikkje satt i rullestol?»

Svaret han fekk var at, ja, det hadde han.

Johannes beskriv opplevelsen som intervjuet frå helvete. Opplevinga gjorde at han byrja å revurdere bransjen han prøvde å kome seg inn i. Og det tok eitt år før han kasta seg ut i eit intervju igjen.

– Eg mista trua litt der, ja. Når ei så stor bedrift oppfører seg på den måten og heilt opent diskriminerer deg for eit utgangspunkt du ikkje kan noko for. Sjølv såg eg ikkje det store problemet. Eg hadde aldri søkt på ein jobb eg ikkje meiner at eg klarer. Men det er ikkje argumentet hennar som plaga meg mest. Det var behandlinga av meg som menneske.

Marianne Knudsen (20). Foto: privat

«Pleier ho å få ordet?»

– Det finnast så mange typar diskriminering. Slik som mikroaggresjonar. Til dømes «Så fint at du har kome deg ut i dag!», eller når folk pratar over hovudet ditt, eller pratar til vener eller assistenten din i staden for deg. Vi må rope høgt og vise ekstra hardt at vi er kompetente. Vi startar rett og slett ikkje med blanke ark, seier Marianne.

Ho har, som mange andre, opplevd diskriminering heile livet. Ei hending sit igjen. Den viser at ignoranse og diskriminering også skjer i klasserommet. Marianne gjekk på barneskulen og ville svare på spørsmålet som vart stilt. Denne timen hadde dei vikarlærar.

– Eg rakk opp handa, men fekk aldri ordet. Eg sat og lurte på om kontaktlæraren min hadde nemnd for vikaren at eg pratar for mykje.

Etter ei stund, med handa oppe og fleire spørsmål i hovudet, vender vikaren seg til Marianne sine medelevar og spør: «Korleis er det med sånne som ho? Pleier ho å få ordet? Eller korleis gjer dykk det?».

– Vi møter diskrimineringa allereie der, og til og med i møte med rådgjevar hos NAV. Vi får raskt beskjed om at det er vanskelig for oss å kome ut i arbeidslivet. Og at «ein kontorjobb kunne jo passa deg!».

«Korleis er det med sånne som ho? Pleier ho å få ordet?»

Kvifor ikkje gå i bresjen?

Både Marianne og Johannes er einige i at tiltak frå staten, studietilbod, tilbod frå kommunar og fokuset på menneskerettar for personar med funksjonshemmingar, kan forbetrast radikalt.

– Vi må hugse på at dersom nokon ikkje kjem seg inn på bussen, så er det ikkje personen sin feil. Det er bussen som er konstruert feil, presiserer Marianne.

– Vi må universelt utforme delar av kvardagen til folk, så alle føler seg velkomne. Og ein dag kjem vi alle til å kome dit. Vi veit berre ikkje når. Men du vil ikkje vere bedrifta som kjem med halen mellom beina når alle andre har likestilte og universelt utforma arbeidsplassar. Så kvifor ikkje gå i bresjen? 

Begge er engasjerte i korleis personar med funksjonshemmingar blir framstilt i media, på tv og i film. Dette er Marianne sitt favoritt-tema, og lyser opp når temaet blir nemnd.

– anten skal vi synest synd på personen, eller så er han eller ho eit inspirasjonsobjekt – framfor at ein faktisk er representert som eit menneske. Eg saknar at vi inkluderer ein far med ei funksjonshemming, ein skikkelig irriterande elevrådsleiar i rullestol eller ein skurk med ei funksjonshemming, fortel Marianne.

Johannes saknar også ein breiare representasjon i media. 

– Er det ei sak om nokon som sit i rullestol, er det ofte veldig negativt lada, eller så er det ei historie om nokon som har klatra opp Galdhøpiggen. Eg trur folk fort kan tenkje at vi ikkje klarar noko, og at vi berre er hjelpetrengande menneske, seier Johannes oppgitt. Det er nettopp dette vi må motbevise. Ja, iblant må vi ta ein liten omveg. Men det påverkar ikkje jobben vi gjer eller kven vi er som kollegaer og menneske.

– Slutt å sjå på meg som ein rullestolbrukar. Sjå på meg som ein ressurs.